Historisk arkiv

Meir velferd og gode resultat i kommunane i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg, barnehagar og barnevern. Det syner nye SSB-tal. – Kommunane fortener tillit og ros for jobben dei gjer, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg, barnehagar og barnevern. Det syner nye SSB-tal. – Kommunane fortener tillit og ros for jobben dei gjer, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Dei endelege KOSTRA-tala frå SSB syner at kommunane har sytt for 8300 fleire årsverk i kommunesektoren i 2011.

- Det er i kommunen sin folk får dei viktige tenestene, som ein utviklande skule, trygge barnehagar og god omsorg. Regjeringa har allereie varsla at kommunene skal få opp mot 5 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år til å fortsetje arbeidet med å betre tenestene til innbyggjarane. Kostra-tala viser det innbyggjarane merkar kvar dag: Norske kommunar brukar pengane sine godt, seier Navarsete.

I pleie- og omsorgssektoren kom det i 2011 til nær 2700 nye årsverk og i grunnskulen rundt 1000 nye årsverk.

- Regjeringa er i rute til å nå årsverksmålet i omsorgsplan 2015. I alt har det kome til ti nye årsverk innan pleie- og omsorg i kommunane kvar einaste dag dei siste seks åra, seier Navarsete. - Fleire legar og fleire einerom på sjukeheimane tydar og på betre kvalitet og tryggleik i tenestene.

I det kommunale barnevernet kom det til 500 nye årsverk i 2011, ei auke på heile 14 prosent. Fleire barn har fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 89,3 prosent i 2010 til 89,6 prosent i 2011.

Samla hadde kommunesektoren eit netto driftsresultat på 2,5 prosent i fjor.

- Den finansielle stillinga for sektoren er stabilt god, samstundes som vi ser at kommunane byggjer ut tenestene. Situasjonen er likevel ulik frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp aktiviteten etter sin økonomiske situasjon, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00