Historisk arkiv

Skjønsmidlar til kommunar etter Dagmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal får til saman 27,9 millionar kroner i skjønsmidlar i samband med ekstremvêret Dagmar.

Kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal får til saman 27,9 millionar kroner i skjønsmidlar i samband med ekstremvêret Dagmar.  

- Mange kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blei hardt råka av ekstremvêret Dagmar i romjula i fjor. Dei har fått store uventa utgifter på grunn av dette. Difor vil dei få ein kompensasjon knytt til dei akutte ekstrautgiftene til kommunal infrastruktur i samband med uveret, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Tidlegare har Kommunal- og regionaldepartementet betalt ut skjønsmidlar i kompensasjon til fylkeskommunane etter Dagmar. No får kommunane i dei hardt råka fylka også utbetalt kompensasjon. 

Praksis i saker der kommunar søkjer om skjønsmidlar i samband med naturskade, er at departementet dekkjer halvparten av utgiftene. Dersom kommunen eller fylkeskommunen har meirutgifter ut over 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekt halvparten, dekkjer departementet i tillegg det overskytande beløpet. Dei kommunane som blei hardast råka, får difor høgare kompensasjon enn andre.

Skjønsmidla blir utbetalte i desember 2012.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.