Sørfold er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”. 

- Det har vore krevjande  å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta”  både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe  Navarsete.

”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering. 

- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.

Sørfold har utfordringar med ein liten bustadmarknad. Kommunen har i mange år hatt negativ utvikling i folketalet. Prosjektet "Sørfold 2030" skal snu denne trenden. Kommunen arbeider no med ein bustadpolitisk plan for å gjere kommunen meir attraktiv å busetje seg i. Ein samarbeider også med næringsliv, grendelag og andre foreiningar.

Kommunen ønskjer å auke bustadtilbodet og få meir varierte buformer. Samstundes er det lokale næringslivet interessert i eit samarbeid for å skaffe fleire bustader til arbeidsinnvandrarar og unge som skal etablere seg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00