Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete deltek fredag 4. mai på innspelskonferanse om kultur og næring i Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Konferansen skal mellom anna gje innspel til det arbeidet regjeringa gjer med handlingsplan for kultur og næring og ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikk.

Statsråden held sitt innlegg kl. 10.40

Konferansen er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og bulystprosjektet VAKN.

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Agnar Kaarbø, mobiltlf. 974 82 408.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.