I alt 484 ønskjer å delta i konkurransen Statens pris for attraktiv stad. Nomineringane gjeld 238 stader.

- Det er inspirerande å sjå kor stort engasjement prisen har utløyst, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Dette syner at mange er stolte av heimstaden sin.

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gong i juni 2012. Prisen skal gå til ein kommune eller andre aktørar, som ved å involvere offentlege, frivillige og private krefter er med på å auke folk si oppleving av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit til ein stad.

- Mange jobbar for å gjere staden dei bur på meir attraktiv, enten gjennom estetisk opprusting eller andre tiltak. Med prisen ønskjer vi å heidre ein aktør, som har skapt stoltheit og trivsel blant innbyggarane, og gjerne auka kjensla av å høyre til der. Eg håpar prisen løftar fram døme og arbeidsmåtar til inspirasjon for heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Vinnaren får ein sjekk på 250 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet.

• Les meir om prisen på Distriktssenteret sine nettsider.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00