Støttar etableringa av Bjarkøysambandet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 17.02.2012
Kommunal- og regionaldepartementet prisjusterar den gamle lovnaden om pengar til Bjarkøysambandet. - Det betyr 2,8 millionar kroner meir til eit vegsamband som vil ha svært mykje å seie for innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet prisjusterar den gamle lovnaden om pengar til Bjarkøysambandet. - Det betyr 2,8 millionar kroner meir til eit vegsamband som vil ha svært mykje å seie for innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunane Harstad og Bjarkøy fekk i 2005 ein lovnad frå dåverande regjering om 20 millionar kroner til etableringa av Bjarkøysambandet.
Dei to kommunane slår seg saman frå 1. januar 2013.
Bjarkøysambandet vil binde saman dei tre største øyene i noverande Bjarkøy kommune. Departementet ønskjer å prisjustere summen som er lovt til dette. Den totale stønaden blir derfor på 22,8 millionar kroner.
- Som tidlegare samferdsleminister og no med ansvar for kommunal- og regionalpolitikken, gler det meg stort at Bjarkøysambandet er eit viktig skritt nærare å bli realisert. Eg ønskjer at tidlegare lovnadar skal løftast til dagens prisnivå, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Den totale kostnadsramma for prosjektet som omfattar veg, undersjøisk tunnel og bru er om lag 710 millionar kroner. Prosjektet er eit spleiselag mellom kommunane, fylkeskommunen og staten.
- Etableringa av Bjarkøysambandet vil ha verknader langt utanfor det vakre øyriket nord for Harstad. Eg ønskjer innbyggjarane lukke til med betre kommunikasjonsmoglegheiter og ein større arbeidsmarknad, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00