Historisk arkiv

Utset sentral godkjenning av byggjekontrollørar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 1.juli 2012 må mange byggjeprosjekt sjekkast av ein uavhengig kontrollør før ein kan få ferdigattest. Reglane om at kontrolløren skal vere sentralt godkjent skulle gjelde frå same dag. Dei blir no utsett

Frå 1.juli 2012 må mange byggjeprosjekt sjekkast av ein uavhengig kontrollør før ein kan få ferdigattest. Reglane om at kontrolløren skal vere sentralt godkjent skulle gjelde frå same dag. Dei blir no utsett.

- Eg set ikkje i kraft reglar når det er uvisst om dei kan bli ståande. Vi har fått signal om at EFTAs overvakingsorgan (ESA) vil opne sak mot Noreg dersom vi innfører krava om at kontrollørane må ha sentral godkjenning. Difor sett vi ikkje desse reglane i verk no. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

ESA meiner obligatorisk godkjenning strid med tenestedirektivet.

– Byggjefeil kostar samfunnet og innbyggjarane fleire milliardar kroner kvart år. Difor vil eg setje i kraft reglane om når og korleis ein skal gjennomføre uavhengig kontroll av byggjetiltak. Det gjev folk og næringsliv betre tryggleik for å få feilfrie byggjeprosjekt av høg kvalitet, seier Navarsete.

Byggjenæringa og kommunane er klare til å nytte dei nye reglane. DiBK har laga rettleiingar og set no i gong opplæringskurs.

- Den frivillige sentrale godkjenninga vil sjølvsagt halde fram. Ordninga vil vere ei støtte for både føretaka og kommunane. Vi skal greie ut alternativ til dei obligatoriske godkjenningsordningane. Byggjenæringa og kommunane blir inviterte til å vere med i dette arbeidet.

Det er DiBK som driv den frivillige sentrale godkjenninga.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00