Historisk arkiv

Veginvesteringar kan gje større arbeidsmarknader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Transportøkonomisk institutt har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet rekna ut kor potensialet for å utvide og arbeidsmarknader er størst.

Transportøkonomisk institutt har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet rekna ut kor potensialet for å utvide og arbeidsmarknader er størst.

- Rapporten syner at det er store potensial for at veginvesteringar kan skape større arbeidsmarknader mange stader i landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Robuste arbeidsmarknader er viktig for å sikre ei meir balansert regional utvikling i landet.

Auka investeringar i prosjekt som skaper større og meir robuste arbeidsmarknadsregionar var det sentrale forslaget til kompetansearbeidsplassutvalet. Utvalet slo også fast at geografisk spreiing av verdiskapande aktivitet er ein føresetnad for full ressursutnytting og høgast mogleg nasjonalinntekt.

Dei områda som fyrst og fremst står fram med eit vesentleg potensial for region­forstørring eller kopling av arbeidsmarknader er Ryfylke, Haugalandet, søre Sunnhordland, kyst- og fjordområda frå Sognefjorden til og med Nordmøre, Fosenkysten, Helgelandskysten, søre Ofoten, ytre deler av Lofoten/Vesterålen og kysten Senja - Kvænangen. I tillegg kjem ein del mindre område i innlandsdalføra. Felles for desse områda er at oppgradering av vegnettet gir klare reisetidsreduksjonar på avstandar som er attraktive for pendling, og til tilstrekkeleg mange arbeidsplassar.

Laurdag 22. september opnar Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete Kvivsvegen. Kvivsvegen er eit godt døme på eit prosjekt som bind saman folk og arbeidsmarknader, gjennom å knyte Søre Sunnmøre og Nordfjord saman til ein region på om lag 60 000 innbyggjarar. Vegen både samlar og utvidar regionen ved å gje han større tyngde og rekkevidde. Samstundes opnar vegen for eit nytt aust/vest-samband mellom Søre Sunnmøre og Austlandet, via rv. 15 over Strynefjellet. Vegen vil dermed også vere viktig for kommunane øvst i Gudbrandsdalen.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.