Historisk arkiv

Vil forenkle byggjereglane for studentbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Studentbustader er mellombelse bustader. Her er byggjekrava som gjeld for ordinære bustader ikkje alltid føremålstenlege. Difor vil vi gje unnatak frå nokre krav til tilgjenge i 80 prosent av studentbustadene, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Saka skal no på høyring. Unnataket gjeld for studentbustader som blir bygde av studentsamskipnader og stiftelsar for studentbustader. Stiftelsane må ha fått tilsegn om tilskot til studentbustader. 

- Stadig fleire tek høgare utdanning. Det er viktig at studentane får tilgang på rimelege bustader. Vi vil bidra til å halde kostnadene nede. Difor fjernar vi krava til tilgjenge i delar av studentbustadene. Nokre leilegheiter i kompleksa skal alltid byggast tilgjengelege. Det sikrar at alle kan bu der, seier Navarsete.

For å sikre eit likestilt tilbod skal tilkomst og fellesareal vere tilgjengelege for alle. Det blir også føreslått at det skal vere eitt tilgjengeleg toalett i kvar etasje.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.