Historisk arkiv

1 million til Bulystsatsinga i Aust- Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting.

I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av  utfordringar knytt til integrering og tilflytting.

Samla er det sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. To av prosjekta som no får 1 million kroner i støtte ligg i Birkenes og Evje og Hornnes i Aust- Agder fylke.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.

- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta, seier statsråden.  Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa.

- I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Gjennom bulyst har vi fått fram ei rekkje varierte og interessante prosjekt i heile landet. Eg vonar at prosjektet gir ønska resultat i kommunar og lokalsamfunn, seier Navarsete.

Omtale av prosjekta i Aust- Agder:

Engeslandstunet – får 600 000 i bulystmidlar
I prosjektet Engelslandstunet er målet å samle alle aktivitetar og bygdefolket i sentrum av bygda, for å hindre fråflytting og handelslekkasje i Birkenes kommune.

Målsettinga er at bygget skal bli bygdas sosiale møtestad og bli ein stad kor alle generasjonar i bygda kan møtast. Prosjektet vil vidareutvikle tun- konseptet og ideen, for å regulere og planleggje området og til utforming av sjølve aktivitetshuset.

Infoteket – i Evje og Hornnes kommune – får 400 000 i bolystmidlar
Gjennom etablering av Infoteket vil prosjektet tilretteleggje for moderne bibliotekfunksjonar, digitale oppslagstavle og sentrale møtearenaer.

Prosjektet sine overordneda målsettingar er:

  • Infoteket  i sentrum skal vere Evje- og Hornnes kommune sin møtestad og vil bidra til å styrke kommunen si satsing ovanfor innvandrarar og ungdom.
  • Infoteket vil  bidra til auka  integrering  og aktivitet i sentrum
  • Infoteket vil vere den naturlege møtearenaen for ungdom i Evje

- Dei to prosjekta i Aust- Agder kan vere til stor inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg. Dei skal skape nye møtestader i lokasamfunna sine og eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i desse viktige prosjekta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Bolystmottakere i Evje.
Politisk rådgiver Anja Hjelseth, ordfører Bjørn Ropstad, prosjektleder Irene Falch Jensen og fylkespolitiker Kåre Gunnar Fløystad (SP).