I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spennande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av  utfordringar knytt til integrering og tilflytting. Samla har vi sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. 2 millionar kroner går til regionrådet i Midt-Troms.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.

- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta, seier statsråden.  Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa. I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Eg vonar at prosjekta gir gode resultat i kommunar og lokalsamfunn.

Regionalt vertsskap i Midt-Troms, 2 millionar kroner til Midt-Troms regionråd
Dette er et integreringsprosjekt i kommunane Bardu, Målselv, Sørreisa, Dyrøy, Tranøy, Torsken, Berg og Lenvik. Regionen treng fleire innbyggjarar og arbeidskraft, og kommunane treng eit meir profesjonelt vertsskap, og har funne ut at det er fornuftig å tenke regionalt i samband med rekruttering. Både kommunane, verksemdene i regionen, statlege etatar, lag og foreiningar skal samarbeide i prosjektet. Prosjektet skal bygge vidare på arbeid frå tidlegare i regionen.  Eg trur det er ein god ide at kommunane samarbeider og står fram som ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det gjer meir fleksibilitet og regionen kan stå fram som meir attraktiv, seier statsråd Navarsete.

- Prosjektet som no får støtte kan vere til inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg, og eg gleder meg til å sjå kva resultat dei klarer å få til, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.