Fylkeskommunane styrker kapasiteten og hever kompetansen i kommunane sitt arbeid med å utvikle attraktive lokalsamfunn. 

Kommunal- og regionaldepartementet tildeler 30 nye millionar kroner til fylkeskommunane for at dei skal halde fram med å vidareutvikle si samhandling med kommunane.

- Mitt inntrykk er at mange kommunar no arbeider aktivt med å utvikle attraktive lokalsamfunn ved at dei samarbeider med fylkeskommunane om kompetanse og kapasitet, seier kommunal - og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Midlane går til tiltak som opplæring i prosessleiing, utvikling av interkommunalt planarbeid og forskjellige utviklingsprosjekt.

Følgjeevalueringa viser at ulike avdelingar i fylkeskommunane samarbeider om å styrke utviklingskapasitet og kompetanse kommunane.

Fordeling av midlar mellom fylka i 2013

Fylkeskommune

Gitt tilskot

Finnmark

750 000

Troms

2 026 000

Nordland

1 350 000

Nord-Trøndelag

2 000 000

Sør-Trøndelag

2 100 000

Møre og Romsdal

1 300 000

Sogn og Fjordane

3 000 000

Hordaland

2 590 000

Rogaland

980 000

Vest-Agder

1 170 000

Aust-Agder

1 210 000

Telemark

1 200 000

Vestfold

2 600 000

Buskerud

2 405 000

Oppland

1 400 000

Hedmark

1 350 000

Østfold

2 569 000

SUM

30 000 000

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.