Historisk arkiv

6 millionar til bulystsatsinga i Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting.

I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av  utfordringar knytt til integrering og tilflytting.

Samla er det sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. Fire av prosjekta som no får 6,1 millionar kroner i støtte ligg i Hjartdal, Fyresdal, Tinn og Kragerø i Telemark fylke.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.

- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta, seier statsråden.  Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa.

- I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Gjennom bulyst har vi fått fram ei rekkje varierte og interessante prosjekt i heile landet. Eg vonar at prosjektet gir ønska resultat i kommunar og lokalsamfunn, seier Navarsete.

Omtale av prosjekta i Telemark:

Kirkegata – internasjonal møteplass og kunstnerkvartal – får 1 500 000 i bulystmidlar
Hovudfokus i prosjektet: auka tilflytting, med vektlegging på inkludering av flyktningar og innvandrarar samt tiltrekke unge vaksne i etableringsfasen. Prosjektet skal bidra til å ta i bruk og revitalisere dei øvre kvartala av byen. Etablering av kunstnaratelierer i tomme forretningslokaler, oppretting av kunstnarstipend, tilrettelegging for felles møteplassar i det offentlege rom, næringsetablering og etableringsleiligheiter.

For å gjere Kragerø attraktiv som ein stad å bu, men også attraktiv å flytte til, er det viktig med ei heilskapleg tenkning, og ikkje berre enkeltståande tiltak. Dei sosiale møteplassane og fellesareal er også viktige. Difor må det også leggjast til rette for publikumstilstrømming, både med tanke på utstillingslokale for kunst og serveringsstad. Dette er tenkt gjort gjennom etablering av eit kombinert designsenter og galleri.

Tuddal – frå bygd til landsby – får 1 300 000 i bulystmidlar
Hovudmålet med prosjektet er å bidra til vidareutvikling av eit attraktivt og bærekraftig samfunn i Tuddal. Dette skal gjerast gjennom fokus på miljø, økonomi  og det sosiale aspektet. Det skal leggjast til rette for å snu befolkningsutviklinga frå negativ til positiv, langsiktig og lønsam verdiskaping gjennom næringsutvikling og auka bustadutvikling.

Planen for landsbyen omhandlar heile sentrum av Tuddal og det er difor viktig at det blir tenkt heilskap i forhold til resten av landsbyen i det som skal gjerast i kultur- og aktivitetsparken.

Bygdemellom – får 800 000 i bulystmidlar
Bygdemellom er eit samarbeidsprosjekt kor Telemark fylkeskommune, Tinn kommune og utviklingslaga i bygdene Atrå, Austbygde, Hovin og Tessungdalen har gått saman om ulike tiltak for å skape attraktive bustader for folk i alle aldre og med ulik bakgrunn i Tinn. Prosjektet skal bygge vidare på samarbeidskulturen og engasjementet som utviklingslaga har skapt dei siste åra gjennom samarbeid på tvers av bygdegrenser, interesser og tilknytning.

Bygdemellom skal bidra til at utviklingslaga kjem vidare i arbeidet med å skape stadidentitet, samhald, god kommunikasjon mellom bygdene og eit variert aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne.

Heim = Fyresdal – får 2 520 000 i bulystmidlar
Eit stadutviklingsprosjekt med fokus på tilbakeflytting, næringsutvikling, lokale møteplassar, inkludering i idrettsmiljøet, engasjement i ungdomsmiljøet og utvikling av gode bumiljø.

Prosjektnamnet Heim=Fyresdal seier at Fyresdal kommune skal vere ein god heim for alle. Prosjektet skal ha fokus på verdiar som gjer eit hus til ein heim.

Fyresdal kommune er avhengig av å oppretthalde og auke innbyggjartalet, for å sikre private og offentlege tilbod. Prosjektet vil difor bruke mykje tid på å stimulere til tilflytting. For at kommunen skal vere attraktiv for dei som bur der, og tiltrekke seg nye innbyggjarar er Fyresdal heilt avhengige av å styrke dei gode bukvalitetane.

- Dei fire prosjekta i Telemark kan vere til stor inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg. Eg gler meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i desse viktige prosjekta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.