Ein stor del av studentane buset seg i regionen eller fylket der dei har studert. Dette tyder på at universitets- og høgskolestrukturen i landet er vesentleg for å skaffe arbeidskraft med høgare utdanning til heile landet.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har undersøkt kva den geografiske plasseringa av utdanningsinstitusjonar har å seie for rekruttering til høgare utdanning, og for fordeling av høgt utdanna arbeidstakarar. Rapporten syner mellom anna at 60 prosent av studentane blir verande i same fylke dei har studert i.

- Det er gledeleg å sjå at god regional spreiing av universitet og høgskolar medverkar til å skaffe arbeidskraft med høgare utdanning til alle delar av landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden peiker på at dette er eit viktig fundament for utdannings- og velferdstenester, og for vidare utvikling i næringslivet, i alle delar av landet.

Studiestadene i Finnmark viser klårt større lokal tilføring av nye høgt utdanna, enn lokal rekruttering til studia skulle tilseie. Det er nærliggjande å sjå dette i samanheng med ordninga med nedskriving av studielån, som er en del av tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark.

Rapporten peiker på noko større lokal rekruttering til studium og tilføring av nye høgt utdanna arbeidstakarar blant eldre studentar. Den lokale tilføringa er også høgare frå nyutdanna med kort høgare utdanning, enn dei med lang utdanning.

Dei fleste fagfelt gjev noko sterkare lokal tilføring av nye høgt utdanna enn lokal rekruttering skulle tilseie. Studentar med samfunnsfag, juridiske fag, humanistiske og estetiske fag, helse- og sosialfag, lærarutdanning og pedagogiske fag gir den høgste tilføringa av kompetanse til det aktuelle fylket.

Felt som naturvitskap og tekniske fag og samferdsle- og servicefag gjev meir nasjonal fordelt tilføring av kompetanse.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.