I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av  utfordringar knytt til integrering og tilflytting. Det ser vi tydeleg i Møre og Romsdal og. Samla har vi sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. 7.7 millionar kroner går til Møre og Romsdal.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.

- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta, seier statsråden. Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa. I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Eg vonar at prosjekta gir gode resultat i kommunar og lokalsamfunn.

Omtale av dei ulike prosjekta:

Prosjekt Skaparglede, Sykkylven Næringsutvikling AS, 1 750 000 kroner
Målet for prosjektet er å sikre at Sykkylven skal vere ein attraktiv bustad for den kompetansen som lokale verksemder treng for å utvikle seg. Sykkylven skal bruke møbelindustrien som utgangspunkt for å bygge opp eit sterkt fagmiljø som skal inspirere til tilflytting av kompetent arbeidskraft. Dei skal etablere nye, skapande kompetansemiljø som tiltrekkjer seg ny kompetanse, synleggjere dei kvalitetane som finns i Sykkylven, både i og utanfor arbeidstida.

Program for integrering i Haram, 1 900 000 kroner
Haram er ein kommune som allereie har fått nasjonal merksemd for arbeidet dei har gjort knytt til integrering av innvandrarar. Gjennom å bygge på eksisterande kompetanse skal dei finne fram til område der dei må arbeide betre, og kva nye tiltak som må settast i gang når det kjem så mange frå utlandet til kommunen.

Haram har vist seg som ein kommune andre ser på for å lære om integreringsarbeid. Å støtte dette prosjektet kan dermed vere med på å bygge ny kunnskap om kva som fungerer i arbeidet med integrering, noko som vil være til nytte og inspirasjon for andre kommunar som ynskjer å oppnå det same.

Innomind – Outatown – Innovasjonskraft i periferien, Tingvoll kommune, 1 650 000 kroner
Økokommunen er Tingvoll si plattform. Globale utfordringar, mellom anna knytt til klima, skal møtast med lokal handling og lokale/regionale ressursar. Kommunen har i over 20 år bygd opp bærekraftsstrategiar for utvikling av lokalsamfunnet og drift av kommunen. Dette nye prosjektet tek utgangspunkt i økokommunen sitt verdisett , og korleis Tingvoll kan oppnå auka innovasjonskraft og bulyst gjennom konkrete tiltak.

Dette er eit kreativt og godt forankra prosjekt som vil utforske nye måtar å arbeide med ungdom, integrering og tilflytting på.

Sjekk Nordmøre, 1 650 000 kroner, Sunndal og Surnadal
Kommunane Surnadal og Sunndal vil samarbeide om eit heilskapleg  integrerings- og inkluderingsarbeid på Nordmøre. Kommunane vil starte eit meir strategisk og målretta arbeid for å skape attraktive lokalsamfunn det er godt å flytte til. Målet er å bli betre til å ta imot tilflyttarar, slik at de ynskjer å bli buande. Prosjektet er godt gjennomarbeidd og realistisk, med konkrete delmål og planar, som byggjer på et godt samarbeid mellom dei to kommunane.

Tid til å leve, Rindal kommune, 750 000 kroner
Rindal er ein kommune som har kultur for å drive utviklingsarbeid. Dei får no støtte til å vidareutvikle omdømmearbeidet, gjennom å fokusere på kvalitetane i Rindal-samfunnet. Stikkord er Tid til å leve, fem minutt til alt. Ungdom er ei prioritert målgruppe her. Det er mangel på bustadar i bygda. Kommunen ynskjer derfor å gjennomføre ei kampanje for å få fleire til å leige ut bustadar i ledige hus. Kommunen har hatt svært få innvandrar fram til no. Kommunen ser difor at det vil vere viktig å skape positiv merksemd kring innvandring og tilflytta arbeidskraft, med sikte på å fremje openheit og gode haldningar til vertsskap.

- Alle desse prosjekta syner at det er stort behov for tilflytting og arbeidskraft i kommunane i fylket. Prosjekta som no får støtte kan vere til inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg, og eg gleder meg til å sjå kva resultat dei klarer å få til, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.