Historisk arkiv

Endringar i husleigelova på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete følgjer opp bustadmeldinga og føreslår endringar i husleigelova.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete følgjer opp bustadmeldinga og føreslår endringar i husleigelova.

I bustadmeldinga blei det varsla ein auke i minstetida for husleigekontraktar frå tre til fem år.

– Dette gjer vi for å auke bustabiliteten i leigemarknaden. Stabilitet er serleg viktig for husstandar med barn som bur til leige. Ved å sikre trygge buforhold, legg me til rette for at barn kan få gode oppvekstvilkår. Dette er eit prioritert område innanfor bustadpolitikken, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa ynskjer òg ei føresegn i lova som synleggjer at brot på offentlegrettslege kvalitetskrav som er stilte av omsyn til liv og helse, skal reknast som mangel etter husleigelova. Det kan medføre kontraktbrot frå utleigar sin side. Døme på dette kan vere brot på krav i brann- og eksplosjonsvernlova. Navarsete seier at føremålet med lovendringa er å auke leigarar og utleigarar si merksemd om kva krav som gjeld.

Til slutt blir det foreslått ei presisering i garantiføresegna. Etter husleigelova kan partane avtale at leigaren, i staden for depositum, skal stille ein garanti. Husleigetvistutvalet og Leieboerforeningen har satt fokus på ein type garantiavtale som er blitt stadig meir vanleg og som ikkje sikrar rettstryggleiken til leigar i tilstrekkeleg grad. Dette er kompliserte avtalar der leigar har søksmålsbyrda ved mangelkrav eller avslutta leigeforhold. Lova gir i dag rom for delte meiningar om desse avtalene er lovlege.

- Med denne presiseringa, ynskjer eg å gjere det heilt klart at desse avtalene ikkje er gyldige, seier statsråd Navarsete.

Dei to første framlegga vart varsla i bustadmeldinga. Det tredje framlegget fremjast på bakgrunn av innspel frå Husleigetvistutvalet og Leieboerforeningen.

Høyringsfristen er tre månader.