Historisk arkiv

Interkommunalt samarbeid løner seg for kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Interkommunalt samarbeid aukar kvaliteten på tenestene og løner seg økonomisk, viser ny rapport. Det gjeld både for store og små kommunar.

Interkommunalt samarbeid aukar kvaliteten på tenestene og løner seg økonomisk, viser ny rapport. Det gjeld både for store og små kommunar.

– Dette viser at interkommunalt samarbeid gjev kommunane nødvendig fleksibilitet til å kunne organisere tenester og oppgåver i tråd med lokale tilhøve. Det aukar kvaliteten på tenestene, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Navarsete meiner rapporten vil vere relevant for debatten om framtida sin kommunestruktur.

– Tilhengarane av omfattande kommunesamansåling peiker ofte på at små kommunar må samarbeide med andre for å løyse enkelte oppgåver, og meiner dette er eit problem. Denne rapporten dokumenterer at store kommunar faktisk samarbeider meir enn dei små, fastslår Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har fått IRIS, Nordlandsforsking, Uni Rokkan og Høgskolen i Oslo og Akershus til å kartleggje omfanget av interkommunalt samarbeid.

Dei har analysert konsekvensane av at stadig meir av den kommunale aktiviteten skjer i ulike kommunesamarbeid.

Analysen viser at det finst om lag 850 formaliserte interkommunale samarbeid i Noreg. Kvar kommune deltek i gjennomsnitt i elleve samarbeid med andre kommunar. Dei største kommunane deltek i fleire, i gjennomsnitt i femten.

Samla sett har forskarane kalkulert det økonomiske omfanget av interkommunalt samarbeid til om lag ti prosent av driftsutgiftene til kommunane.

Det er registrert flest samarbeid om tenester innanfor teknisk sektor som energi, vassforsyning, avløp, renovasjon, avfallshandtering, brannvern og bompengeselskap. Desse samarbeidsområda er også størst målt i omsetjing.

Kommunane samarbeider svært lite innanfor store kjerneoppgåver som barnehage, grunnskule og pleie og omsorg. Desse områda utgjer 68 prosent av brutto driftsutgiftene til kommunane.

Dei store kommunane, med over 20 000 innbyggjarar, deltek i flest samarbeid om samferdsel, næringsutvikling, hamn og kulturhus/kino. Dei minste kommunane, med under 1 500 innbyggjarar, samarbeider mest om barnevern, men også om legevakt.


Her kan du lese hele rapporten: "Interkommunalt samarbeid: Konsekvenser, muligheter og utfordringer"

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.