Historisk arkiv

Kven stiller til val ved stortingsvalet til hausten?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

På landsbasis er det til saman 4082 personar som stiller til val ved stortingsvalet til hausten. Det er 394 fleire enn ved sist stortingsval.

På landsbasis er det til saman 4082 personar som stiller til val ved stortingsvalet til hausten. Det er 394 fleire enn ved sist stortingsval.

Til saman 40,3 prosent av årets kandidatar er kvinner. Det er to prosentpoeng færre enn i 2009. Blant dei 291 listetoppane, er 27,5 prosent kvinner.

- I år er det hundre år sidan kvinner fekk same rett til å stemme som menn, men framleis er det flest menn i leiarposisjonar i politikken. Me veit at listetoppane har størst sjanse for å få viktige politiske verv. Partia må difor jobbe for å få fleire kvinner på topp, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Snittalderen til kandidatane er 46,5 år. Dette er på same nivå som ved stortingsvalet i 2009. Eldste kandidat er 96 år og yngste er 17 år. 17,4 prosent av kandidatane er mellom 17 og 29 år. Dette er ein auke på to prosentpoeng frå 2009.

Eit oversyn over alle vallistene med kandidatnamn og fødselsår sortert etter fylke er no lagt ut på departementet sine nettsider.

Om lag halvparten av kommunane held val også søndag 8. september, i tillegg til sjølve valdagen måndag 9. september. Til saman 3.636.200 har røysterett ved valet.

Tala er basert på data alle kommunar og fylkeskommunar har rapportert inn. Me gjer merksam på at feil i data kan førekomme. Eventuelle feil blir retta opp dersom det blir endringar.

Statistisk Sentralbyrå arbeider no med å systematisere og kople data om listekandidatane til ulike demografiske variablar. Data er planlagt publisert i slutten av juni. Me får da vite meir om kandidatane si utdanning, yrke, landbakgrunn med meir.

Vil du vite meir om valet, sjå departementets nettside for valinformasjon: valg.no

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.