Forskriftsendring gjer det enklare å plassere ut antenner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.07.2013
Kommunal- og regionaldepartementet har vedteke ei endring i forskrifta slik at det ikkje er naudsynt med byggjesakshandsaming når det skal plasserast antenner til mobilnettet. Den viktigaste grunnen er å fjerne hindringar for at Nødnett skal etablerast i tide.

Bakgrunnen for forskriftsendringa er at det i nokre tilfelle tek for lang tid å få satt opp antenner til Nødnett. I dei fleste tilfella er det ikkje nokon byggjeteknisk grunn til å handsame ei slik sak. Unntaket gjeld også antenner i det sivile mobilnettet. Det er ikkje nokon grunn til å behandle dei sakene forskjellig.
Materielle krav i plan- og bygningslovgivinga, som bevaringsverdi og visuelle kvalitetar, gjeld uavhengig av søknadsplikta. Tilhøve som kan vere til hinder for tiltaket bør som hovudregel være vedtatt i plan (vern, estetiske krav og liknande).
Unntaket gjeld antenner som ikkje er høgare enn fire meter totalt, inkludert fot. Det gjeld ikkje for skur som eventuelt blir plassert saman med ein basestasjon. Frittståande master som antennene nokre gonger plasserast på, er ikkje omfatta av unntaket.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00