Historisk arkiv

Nytt innovasjonsstudium for kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

No er det mogleg for høgare utdanningsinstitusjonar å søkje om tilskot for å utvikle eit innovasjonsstudium for kommunesektoren.

No er det mogleg for høgare utdanningsinstitusjonar å søkje om tilskot for å utvikle eit innovasjonsstudium for kommunesektoren.

- Eg vil invitere universitet og høgskular til å bidra til å løfte innovasjonsarbeidet i kommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa har ein ambisjon om at kommunane skal tilby minst like trygge og fagleg sterke tenester i framtida som i dag. For å nå dette målet, må kommunane tenkje nytt og gjere ting annleis enn i dag. Eit innovasjonsstudium kan gi tilsette i kommunane viktig kunnskap og praktisk erfaring i dette arbeidet.

- Gjennom innovasjonsstudiet kan tilsette i kommunesektoren lære om innovasjonsprosessar og korleis dei kan planleggje og gjennomføre innovasjonsprosjekt. Det gjev kommunane eit godt grunnlag for å løyse oppgåvene på nye og smarte måtar, seier statsråden.

Innovasjonsstudiet skal medverke til å utvikle og spreie kunnskap om innovasjonsprosessar i kommunane. Målet er å starte opp studiet i løpet av neste år.

Tiltaket blei varsla i regjeringa sin innovasjonsstrategi for kommunesektoren, som blei lagt fram i april i år.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.