Fristen for å sende inn søknader til årets bulystmidlar gjekk ut 8. mars. Vi har fått inn totalt 129 søknadar til dei 35 millionane som er til disposisjon for bulyst i år. Søkarane er fordelt på 14 fylker og søker totalt om 173 millionar kroner.

Hovudmålet med bulyst er at kommunar innafor det distriktspolitiske virkeområdet skal bli meir attraktive å bu i og flytte til.

- Me ser at det er stort engasjement om lokalt utviklingsarbeid, og dette er eit arbeid som eg meiner det er viktig å støtte opp om, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Det er langt fleire søknadar i år enn i fjor. Det syner at bulyst framleis engasjerar og at det er stor trong for prosjektmidlar til gode utviklingsprosjekt i distrikta, seier statsråd Navarsete.  

I tida fram til 3. mai skal fylkeskommunane vurdere og prioritere alle søknadane i sine respektive fylke.

- Eg er spent på kva slags prosjekt som har søkt denne gongen, og kva prosjekt fylkeskommunane vil prioritere. Eg gler meg til å få deira råd i mai, seier Navarsete.

Departementet startar si sakshandsaming 6. mai. Kva prosjekt som når opp i årets bulystprosess vert klart i løpet av juni.

- Me har totalt støtta 98 ulike prosjekt med tilskotsmidlar i dei tre første åra med bulyst.

Desse prosjekta er spredt over heile landet og dekkjer mange ulike tema knytt til stadutvikling, tilflytting, integrering, omdøme med meir. Målsettinga er at andre skal kunne lære av erfaringane desse pilotprosjekta får, seier statsråd Navarsete.

For meir informasjon, sjå www.regjeringen.no/bolyst og www.distriktssenteret.no.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.