Historisk arkiv

Ringebu får pris for innovasjon og lokaldemokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ringebu kommune får Europarådet si utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati. – Kommunen maktar å sjå på seg sjølv med eit sjølvkritisk blikk, satsar på utvikling og fortener heider, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ringebu kommune får Europarådet si utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati. – Kommunen maktar å sjå på seg sjølv med eit sjølvkritisk blikk, satsar på utvikling og fortener heider, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

På vegne av statsråden, som leiar priskomiteen, delte politisk rådgjevar Anja Hjelseth ut prisen under Kommunedagane 2013.

I komiteen si vurdering står det at Ringebu kommune held ein god norsk standard når det gjeld demokrati- og forvaltningspraksis på dei fleste områda.

På visse område utmerkar kommunen seg også særskilt. Komiteen trekkjer fram det breie omstillings- og utviklingsprosjektet omkring styring og leiing som kommunen har sett i gang. Kommunen scorar også høgt på innovasjon.

Både kommunen sjølv, innbyggjarane og ekspertar har vurdert situasjonen for lokaldemokrati og lokal styring.

Kommunane har blitt prøvd etter tolv prinsipp i Europarådet sin strategi for innovasjon og godt styresett på lokalt nivå. Prinsippa handlar om at kommunen legg til rette for rettferdige val, representasjon og deltaking. Dei handlar også om at kommunen blir drifta effektivt, at etiske omsyn blir ivaretekne, at kommunen er innovativ, og at kommunen støttar opp om og arbeider for menneskerettar og kulturelt mangfald. 

Kommunal- og regionaldepartementet og KS samarbeidar om å setje strategien ut i livet i Noreg.

- Dette er eit nytt verkemiddel som framleis er under utprøving. Gjennom å måle seg opp mot dei tolv prinsippa for godt lokaldemokrati, kan kommunane finne sine sterke og svake sider. Det vil bidra til utvikling av lokaldemokratiet i den enkelte kommune. Dette er bra for innbyggjarane og kan også inspirere andre kommunar, seier Navarsete.