Historisk arkiv

Vil hjelpe kommunane med innovasjon og nytenking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- For at kommunane skal kunne tilby like gode tenester i framtida som i dag, må dei løyse oppgåvene på nye måtar. Regjeringa set difor i verk fleire tiltak, som skal hjelpe kommunane å finne nye løysingar på gamle og nye utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- For at kommunane skal kunne tilby like gode tenester i framtida som i dag, må dei løyse oppgåvene på nye måtar. Regjeringa set difor i verk fleire tiltak, som skal hjelpe kommunane å finne nye løysingar på gamle og nye utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa har ein ambisjon om at kommunane i framtida skal kunne tilby minst like trygge og fagleg sterke tenester som i dag. Skal dei klare det, må dei tenkje nytt.

I dag legg statsråd Liv Signe Navarsete fram regjeringas innovasjonsstrategi for kommunesektoren, som inneheld fleire konkrete tiltak. Innovasjonstiltaka skal stimulere kommunar til å samarbeide med kvarandre og andre aktørar om betre tenester til innbyggjarane.

- Innovasjonsstrategien skal gjere det enklare for kommunane å tenkje nytt og løyse oppgåvene sine smartare. For å utvikle betre tenester i framtida, må kommunane i større grad sjå løysingar på tvers av sektorane, seier statsråden.

Eit av tiltaka er ei ny nettløysing på regjeringa.no, som viser korleis demografien og arbeidskraftbehovet til den einskilde kommune er forventa å utvikle seg framover. Nettløysinga vil vere eit godt hjelpemiddel  for kommunane når dei skal finne ut kva for hovudutfordringar dei står overfor.

Innovasjon er ein ny måte å arbeide på for mange kommunar. Regjeringa vil difor etablere eit kompetansesenter for innovasjon innan 1. januar 2015. Senteret skal gjere forsking og moglege tilskotsordningar kjende for kommunane, og spreie gode dømer.

- Vi veit at utfordringane varierar mellom ulike typar kommunar og på tvers av regionar. Det er derfor viktig at den einskilde kommune gjer ting på sin måte. Eg trur likevel kommunane har mykje å lære av kvarandre, seier Navarsete.

Det blir også opprette eit innovasjonsstudium, der tilsette i kommunesektoren kan lære om innovasjonsprosessar og korleis dei kan planleggje og gjennomføre innovasjonsprosjekt. Målet er å starte opp studiet i løpet av neste år.

Regjeringa vil gje økonomisk støtte til innovasjonsprosjekt i kommunane, slik at dei kan skape betre tenester og gjere kvardagen enklare for folka som bur der. Fylkesmannen gjev i dag om lag 100 millionar kroner til fornyings- og utviklingstiltak i kommunen. Innanfor denne ramma skal fylkesmannen no prioritere innovasjonsprosjekt. 

- Eg rådar kommunane til å samarbeide med tilsette, innbyggjarar, frivillige, næringsliv og utdannings- og forskingsinstitusjonar for å lukkast best med innovasjon. Fleire hovud tenkjer alltid betre enn eitt, seier Navarsete.

Her kan du lese innovasjonsstrategien.

--

Priv til red:

Navarsete er i Loen i forbindelse med Senterpartiet sitt landsmøte. Kontaktperson i Loen er statssekretær Erlend Fuglum: 402 15 198.