Historisk arkiv

Bø i Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Bø i Telemark kommunevåpen 

Tema: Kompetanse/rekruttering 

Prosjektleder: Urban Eriksen

Bakgrunn: Bø kommune ønskjer å setje inn tiltak retta mot leiarar og øvrige tilsette som forbereder organisasjonen på ei endra helseframtid i tråd med krava i den nye samhandlingsreforma som starta opp 1. januar 2012. Særleg deltidsproblematikken er ei utfordring som må løysast. Dette både for at tilsette med ynskje om større stillingar skal få det, og for at kommunen med utgangspunkt i prognoser og reform skal kunne handtere framtidige utfordringar. For å lukkast er kommunen avhengig av ein sterk og tydeleg leiing, og difor skal prosjektet også ha fokus på leiarutvikling, kompetanse og kontinuitet. Dette må til for å få den gjennomføringskrafta som er naudsynt.

Prosjekt: ”Framtidas pleie- og omsorgsteneste”. Prosjektet gjennomførast som ein trinnvis utviklings- og beslutningsprosess. Den første prosjektfase, forstudiet, skal gi eit meir kvalitetssikra beslutningsgrunnlag for planlegging av korleis forprosjekt og hovudprosjekt skal gjennomførast.

Mål:

Effektmål: Bø kommune skal ha ei effektiv og fleksibel pleie- og omsorgsteneste som møter brukarane med respekt og profesjonalitet, og være ein god arbeidsplass for alle.

Resultatmål:

  • Auka brukarmedverknad
  • Redusere sjukefråværet
  • Færre deltidstilsette 

Tiltak:

  • Gjennomgang av turnusar. Ved vakansar koplast desse til større stillingar i den grad det er mogleg.
  • Sentralisering av innleige. Samordning for betre oversikt. Gir god fordeling av vakter, og reduserer overtidsbruk. Brukar ”Notus” til dette arbeidet.
  • Arbeider med oppretting av sjukepleiarpool for betre bruk av kompetanse. Forpliktar og ansvarleggjer også andre yrkesgrupper. Påverkar deltidsutfordringane.
  • Tatt i bruk ”bedrekommune.no” som verktøy. Stor bevisstheit i forhold til korleis ein ynskjer å nytte resultata ein får ved bruk av dette verktøyet.
  • Fokus på individuelle mål for alle tilsette innan helse slik at individuelle og overordna kommunale mål spelar på lag. Gir også større fokus på eigen utvikling og rolle for tilsette.
  • Brukarrepresentant aktivt med i både arbeidsgruppe og prosjektgruppe