Historisk arkiv

Jondal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunevåpen for Jondal

Tema: Sjukefråvere

Prosjektleiar: Kim Gundersen/Anne Røymstad

Bakgrunn: Jondal kommune er ein liten kommune med 1050 innbyggjarar. Kommunen har dei siste åra vore i ein positiv utvikling med omsyn til folketalet, og ynskjer at omdømmet til kommunen som arbeidsgjevar og arbeidsplass kan bidra positivt i høve til fleire søkjarar til ledige stillingar. Auka kompetanse, meir trivsel og god kommunikasjon i organisasjonen er viktige delmål i prosjektet. Føremålet med prosjektet og nettverksgruppa er auka nærvær! Vi vil få på plass ein verdiplattform, og jobba med gode relasjonar og felles mål som ei motvekt til utydeleg organisasjonskultur der kvar eining og medarbeidar jobbar mot eigne mål(ambisjonar), og der det manglar ein ”VI” kultur både på systemnivå og team/individnivå.

 

Prosjekt: ”Vi står saman om ein betre kommune!”

Mål: Kommunen er ein god og attraktiv arbeidsplass med auka nærvær!

Effektmål:

  • Reduksjon av sjukefråvær i høve til gjennomsnitt 2011 for kommunen i heilskap og for ulike einingar.
  • Auke deltaking i medarbeidarundersøking i høve tal i 2011.
  • Auke medarbeidartilfredsheit i høve tal i 2011.
  • Kartlegging som grunnlag for prosessar.

Tiltak:

  • Internundervisning og verkstader med fokus på kommunikasjon og relasjonar, og eigenutvikling med ulike tema.
  • Leiarutvikling
  • Ulike team i regi av bedriftshelsetenesta med individuell veiledning/coaching i team.
  • Teambygging, nærværsbygging. Trivsels- og helsefremmande tiltak.
  • Kick-off, årleg motivasjonsforedrag.
  • ”Hjartestafetten” - belønningssystem for einingar og individ basert på særskilte kriteria.

Nyheter:

"Vi har alle løsningen inni oss selv" - Jondal kommune tar grep om sykefraværet