Tilskodarar og deltakarar i moderne lokaldemokrati. Konferanse 31. mai – 1. juni
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
100 år med allmenn røysterett til kvinner i norske kommunestyre.
Artikkel | Sist oppdatert: 31.10.2013
I desse dagar startar partia arbeidet med å få folk til å stille på liste til kommunestyrevalet neste haust. Så startar nomineringa.
Den viktigaste møteplassen for å utveksle erfaringar og idear om korleis få fleire til å delta i lokalpolitikken og ta på seg verv.
I desse dagar startar partia arbeidet med å få folk til å stille på liste til kommunestyrevalet neste haust. Så startar nomineringa.
- Denne konferansen er ein viktig møteplass for å utveksle idear om korleis både parti og kommunar – og du og eg – kan bidra til å få fleire engasjerte i lokalpolitisk arbeid, seier Liv Signe Navarsete.
Påmeldingfrist: 25. mai 2010.

Tema er motivasjon og rekruttering til lokalpolitisk arbeid, kva som skaper interesse for å ta på seg verv, nominering og representasjon, om den kontroversielle trenden verda over i dag med kjønnskvotering, i kva grad kvotering medverkar til å gje kvinner større innverknad i politikken. Ei heilt ny undersøking om politikarrolla blir også presentert.
Konferansen trekkjer dei historiske linene tilbake til kampen for stemmeretten for kvinner på slutten av 1800-talet. Han tek føre seg spørsmålet om kvifor kvinner framleis er underrepresenterte i lokalpolitiske maktposisjonar og kvifor Noreg og Norden ikkje lenger er eit føregangsland når det gjeld kjønnsbalanse i politikken.
Kjende namn som kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete, leiar av kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget Heikki Holmås, første kvinnelege ordførar i Oslo kommune, Ann-Marit Sæbønes og ordførar i Skien kommune, Rolf Erling Andersen, m.fl. Dei innleiar saman med kjende professorar og forskarar frå inn og utland som Hanne Marthe Narud, Audun Offerdal, Jacob Aars og Drude Dahlerup. I tillegg internasjonale artistar som trompetsolisten Tine Thing Helseth og skodespelar Jeanne Bøe, m.fl.