Historisk arkiv

Kultur i IA (inkluderande arbeidsliv)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Mange ulike verkemiddel kan takast i bruk for å skape eit meir inkluderande arbeidsliv. Kulturdepartementet fordelte 5 millionar kroner til ”Kultur i inkluderande arbeidsliv” i 2010. Midlane blei brukte til å utprøva praktiske modellar for Kultur i inkluderande arbeidsliv.

Mange ulike verkemiddel kan takast i bruk for å skape eit meir inkluderande arbeidsliv. Kulturdepartementet fordelte 5 millionar kroner til ”Kultur i inkluderande arbeidsliv” i 2010. Midlane blei brukte til å utprøva praktiske modellar for Kultur i inkluderande arbeidsliv.

Dette var eit pilotprosjekt i 2010, og det vil ikkje lysast ut midlar til stimuleringsmidlar til kultur i IA i 2011.

Formålet er å samle erfaringar om korleis kultur kan bidra til å oppfylle dei viktigaste måla for IA-arbeidet, så som godt arbeidsmiljø, auka nærvær, mindre sjukefråvær og mindre fråfall i arbeids­livet.

I fyrste søknadsrunde blei det gitt tilskot til 28 søkjarar innanfor ei samla løyving på omtrent 2 mill. kroner. I andre søknadsrunde blei det fordelt omtrent 3 mill. kroner til i alt 54 søkjarar. Kvar søkjar får frå kr 40 000 til kr 200 000 i tilskot. Dei tiltaka som fekk støtte, omfattar kultur innanfor mange ulike sjangrar. Det er mellom anna gitt tilskot til tiltak innanfor revy, teater, kunst, opera, kor, musikk, grafikk, fotografi og lyrikk. Fleire bedrifter arrangerer kulturtiltak i lunsjpausen.

Eksempel på gode tiltak som fekk stønad frå IA.:

I fyrste tildelingsrunde:

  • Hapro på Hadeland (intern revy)
  • Lier kommune (det store Lier-korslaget)
  • Flatanger kommune (fotografi-prosjekt)
  • Notodden kommune (kunstpausar)
  • Haugesund kommune Kultur- og festivalutvikling KF (filmproduksjon) 

I andre fordelingsrunde:

  • Litterær matpakke (forfattargjesting i kantina) og minikonsertar i kantina i rådhuset til Meland kommune 
  • NSB kundesenter og Fabrikken AS i Lillehammer: 5 ulike grupper for kulturaktivitetar som dei tilsette kan delta i: MobilArt, grafikk, hett glas, Jobeka (gamle handverktradisjonar) og collageuttrykk. 
  • Fotokurs og fotokunstkonkurranse med tema søppel, BIR Transport AS (ansvarleg for avfallshandtering i Bergen og omland)
  • NHO Østfold, LO Østfold, NAV arbeidslivssenter Østfold og 15 verksemder i privat og offentleg sektor skal få eit teatermiljø i Fredrikstad til å lage eit forumteater. Framsyninga skal klargjere nokre av dei utfordringane tilsette og leiar står overfor for å lukkast i IA-arbeidet.