Historisk arkiv

Ingunn Solheim mottok Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Solheim mottok prisen på dei Nynorske Festspela i Ørsta fredag 27. juni 2014.

Vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris 2014 Ingunn Solheim.
Vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris 2014 Ingunn Solheim. (Foto: Terje Gilleshammer/NRK)

NRK-journalist Ingunn Solheim fekk 27. juni Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014.

-Nynorsken gjer jobben min lettare fordi der finn eg dei enkle, gode orda sa ein stolt prisvinnar under utdelinga på dei Nynorske festspela i Ørsta.

- Eg må finne eit alternativ til ordet konsekvensutredning. Konsekvensutgreiing er ikkje så mykje betre, så eg seier heller ”finne konsekvensane av oljeboring i nord”. Eg leitar etter orda som alle forstår seier Solheim.

-Gjer språket forståeleg for folk flest

Kulturdepartementet peika ut ny jury i fjor. Der er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, og han har med seg Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten i Florø.

Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn.

Jurymedlem Agnes Ravatn  trekk særleg fram direktesendingane under 22.juli-rettsaka der Solheim nytta kunnskapane sin som både jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medier, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

-Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i mot får eg ofte høyre at språket er flott seier Solheim.

Les meir om prisen og om prisvinnaren på nettsida til Nynorsk mediesenter