Rundskriv V-10N/2009 Informasjon om språkpolitikk

Gjennom behandling av St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining har Stortinget 28. april 2009 slutta seg til rammene for ein heilskapleg, sektorovergripande språkpolitikk.

Til alle departement

 

 

 

Nr.

V-10N/09

Vår ref

Dato

 

2009/02270 KU/KU3 IE

30.04.2009

 

Informasjon om språkpolitikk

Gjennom behandling av St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining har Stortinget 28. april 2009 slutta seg til rammene for ein heilskapleg, sektorovergripande språkpolitikk.

 

I omgrepa heilskapleg og sektorovergripande ligg det at språkpolitikken på ein meir uttalt måte enn før vil handla om språk og språkbruk innanfor alle sektorar av samfunnet. Dermed blir språkpolitikk noko som i prinsippet vedkjem alle fagdepartementa. Med dette rundskrivet vil vi difor informera om hovudmåla og dei overordna prinsippa i den nye språkpolitikken.

I språkmeldinga er det presisert at Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna ansvar for å forma, tolka og fremja språkpolitiske mål, men at også alle dei andre departementa må ta språkpolitiske omsyn med i vurderinga når dei utformar og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk, jf. kap. 1.1.1.

Under kapittel 3.1.1 i meldinga går det fram at det overordna strategiske målet for den nye språkpolitikken er å motverka domenetap for norsk språk og sikra det norske språket ein fullverdig status og bruk innanfor alle delar av norsk samfunnsliv.

Vidare heiter det at dette målet må realiserast innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som tek omsyn til den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle og nye fleirspråklege mangfaldet, det framandspråklege kompetansebehovet og den nordiske språkfellesskapen.

I meldinga er det vidare lista opp fem språkpolitiske hovudmål:

  1. Norsk skal vera hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg
  2. Norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk
  3. Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål
  4. Det offentlege skal leggja vekt på å føra eit korrekt og forståeleg språk
  5. Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å læra seg framande språk.

I meldinga er det slått fast at det skal takast omsyn til desse måla ved utforming og gjennomføring av all offentleg politikk i Noreg. Måla vil bli nærare utdjupa og spesifiserte i det språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.

Prinsippa for den nye språkpolitikken er elles nærare omtala under kap. 3.2 i meldinga.

Det er her streka under at alle fagdepartement må ta eit språkpolitisk ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna. Såleis skal alle departementa ha eit ansvar for å fremja det norske språkets status og bruk innanfor sine respektive sektorar, å fremja nynorsk språkbruk spesielt, å fremja eit korrekt og velfungerande språk, å vareta språkbrukarane sine rettar osv.

Språkpolitiske mål og tiltak må i større grad enn i dag integrerast innanfor all politikkutforming der dette er relevant.

Under kap. 9.3.2 i meldinga går det elles fram at det i den offentlege språkpolitikken skal byggjast inn som eit prinsipp at nynorsk i utgangspunktet høyrer med der norsk språk blir tematisert eller brukt.  Det betyr at det for alle offentlege tiltak og all politikkutforming med eit språkleg aspekt skal vurderast eksplisitt korleis dette kan utformast slik at ein også tek omsyn til nynorsk og nynorskbrukarane.

Meir spesifikke spørsmål og språkpolitiske spørsmål som særleg vedkjem eit bestemt departement, vil Kultur- og kyrkjedepartementet koma tilbake til etter kvart.

Vi viser elles til:

 

Kortfatta informasjon om språkmeldinga finst elles i følgjande to pressemeldingar:

 

  1. Pressemelding nr. 53/09, publisert 28. april 2009 – Stortinget sluttar seg til hovudtiltaka i språkmeldinga
  2. Pressemelding nr. 81/08, publisert 30. juni 2008 – Norsk språk må styrkjast

Vi minner elles om desse rundskriva frå Kultur- og kyrkjedepartementet:

  1. Rundskriv V-11/2007 av 23. mai 2007 om språkfaglige konsultasjonsrutiner ved navnelaging i staten
  2. Rundskriv V-14/2006 av 17. mars 2006 om oppfølging av lov om målbruk i offentleg teneste:

 

Med helsing

Stein Sægrov e.f.
avdelingsdirektør

Ingvar Engen
seniorrådgjevar

Kopi:

Statsministerens kontor

Språkrådet