Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Rundskriv, 17.02.2011

Nr.: P-3/2011

Tilskott til istandsetting av kyrkjebygg (rentekompensasjon)

Vedlikehalds- og sikringstilstanden for kyrkjene

Kommunane
Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda
Bispedømmeråda

Nr.
P-3/2011
Vår referanse
2011000501 - 2
Dato:
17.02.2011

 

Tilskott til istandsetting av kyrkjebygg (rentekompensasjon)
Vedlikehalds- og sikringstilstanden for kyrkjene

 

I 2009/2010 har vedlikehaldstilstanden for kyrkjene i landet blitt undersøkt, med ein særleg kontroll av brann- og innbrottssikringa. Rapporten frå undersøkinga viser at mange kyrkjer har feil eller manglar som kan auke faren for brann eller innbrott. Rapporten viser at vedlikehaldssituasjonen for kyrkjene sett under eitt har blitt betre sidan siste undersøking i 2005/2006, men at det er stor variasjon frå kyrkje til kyrkje.

Ansvaret for vedlikehald og sikring av kyrkjene ligg til kommunane og kyrkjeeigarane, sjå kyrkjelova §§ 14 og 15. Sidan 2005 har det blitt gitt tilskott (rentekompensasjon) frå staten til investeringar for istandsetting og sikring av kyrkjene. Departementet vil med dette informere om at investeringsramma som det kan søkjast om rentekompensasjon for, er fastsett til 400 mill. kroner for 2011, sjå pkt. 1 nedanfor.
I samband med undersøkinga i 2009/2010 av vedlikehalds- og sikringssituasjonen for kyrkjene er det samla inn mange og viktige data om istandsettings- og sikringsbehova ved kvar einskild kyrkje. Vi viser til nærare omtale under pkt. 2 nedanfor.

1. Rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg

Investeringsramma for 2011

Ved handsaminga i Stortinget av Prop. 1 S (2010-2011), jf. Innst. 5 S (2010-2011), blei investeringsramma for istandsetting av kyrkjebygg utvida og fastsett til 400 mill. kroner for 2011. Etter søknad frå kommunar/kyrkjeeigarar kan det etter dette gjevast rentekompensasjon med grunnlag i investeringsramma på 400 mill. kroner. Løyvinga til rentekompensasjonen er budsjettert under Kommunal- og regionaldepartementet (kap. 582, post 61).

Vi gjer merksam på at investeringsramma for 2011 gjeld for prosjekt som blir ferdigstilte etter 1. januar 2011.

Rentekompensasjonsordninga blir administrert av Husbanken. Søknader om rentekompensasjon vil bli handsama av Husbanken etter kvart som dei kjem inn.

Forskrift, retningslinjer og søknadsskjema er å finne på www.husbanken.no, sjå Tilskott og lenker til rundskriv om ordninga (Kultur- og kyrkjedepartementet sitt rundskriv V-9B/2005 av 18. mars 2005, V-17B/2006 av 11. april 2006, V-14B/2007 av 3. juli 2007, V-6B/2009 av 16. februar 2009 og rundskriv P-0959 av 19. april 2010 frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet).

Dersom det ut i året er grunn til å rekne med at etterspurnaden vil bli større enn ramma for 2011 gir rom for, vil det kunne bli aktuelt å prioritere mellom søknadene. Tiltak som gjeld kyrkjer av kulturhistorisk verdi, vil i slike tilfelle ha prioritet.

Vi gjer merksam på at dersom det ved utløpet av 2011 ikkje er gitt tilsegn om rentekompensasjon for heile investeringsramma på 400 mill. kroner, vil det ikkje vere adgang til å overføre unytta del til 2012. Ei eventuell tilsegn frå Husbanken om rentekompensasjon må vere gitt innan utgangen av året.

Spørsmålet om ny investeringsramme i 2012 er på vanleg måte ei budsjettsak.

Endring i retningslinjene for ordninga

Etter retningslinjene for ordninga, sjå www.husbanken.no, er det stilt krav om at eit eller fleire tiltak ved same kyrkje skal ha ein samla kostnad på minst 100 000 kroner for å komme inn under ordninga.

I ein del tilfelle vil det vere ein direkte samanheng mellom einskilde tiltak ved fleire kyrkjer, slik at det i praksis er tale om eit fellestiltak for fleire kyrkjer. For å unngå at slike prosjekt fell utanfor ordninga på grunn av kostnadsgrensa på 100 000 kroner for kvar kyrkje, er retningslinjene endra. Installering av varmestyringsanlegg for alle eller fleire av kyrkjene i ein kommune, med ei felles styringseining, er døme på eit fellestiltak som kan få tilskott etter endringa i retningslinjene. Retningslinjene er endra ved følgjande tillegg i pkt. 4.1, som eksemplifiserar tiltak som kan komme inn under ordninga: ”- felles varmestyringsanlegg og liknende for flere kirker.”

Som det går fram, vil også andre typar tiltak med kostnad på mindre enn 100 000 kroner for kvar kyrkje, men som femner fleire kyrkjer og har ein samla kostnad på 100 000 kroner eller meir, kunne vurderast samla som eitt prosjekt og dermed komme inn under ordninga. Av denne årsak er også retningslinjene pkt. 4.2 endra slik (endringa i kursiv):
”Prosjektets samlede kostnader må være på minst 100 000 kroner (inkl. moms). Et prosjekt kan omfatte flere enkelttiltak for samme kirke eller felles tiltak for flere kirker. Det er en forutsetning at tiltakene er av investeringsmessig karakter.”
 

2. Kyrkjekontrollen 2009/2010 - vedlikehalds- og sikringssituasjonen

Den kyrkjelege arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen KA har med tilskott frå Riksantikvaren og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2009/2010 undersøkt vedlikehaldstilstanden for kyrkjene i landet, med ein særleg kontroll av brann- og innbrottssikringa av kyrkjene. Undersøkinga ”Kyrkjekontroll 2009/2010” munna ut i rapporten ”Vel bevart? – en tilstandsrapport for norske kirker 2009/2010.”, der resultata frå undersøkinga er presenterte. Nær alle kyrkjene i landet (1600 av i alt 1620 kyrkjer) var med i undersøkinga. For fullstendig rapport, sjå www.ka.no/arbeidsliv/kirkebygg/velbevart.

Undersøkinga viser at vedlikehaldstilstanden generelt har blitt betre sidan forrige undersøking i 2005/2006. Til dømes er prosentdelen av dei automatisk freda kyrkjene (kyrkjer frå før 1650) med alvorlege vedlikehaldsmanglar på ytterflatene (tårn, tak, ytterveggar, fundament), gått ned frå 44 pst. til 22-25 pst. Rapporten viser også ei generell betring i tilstanden for interiør og inventar.

Dette er generelle tendensar i rapportmaterialet. Det vil kunne vere store variasjonar frå kyrkje til kyrkje. Rapporten konkluderer med at mange kyrkjer framleis har eit stort istandsettings- og sikringsbehov.

Kyrkjekontrollen 2009/2010 har særleg undersøkt brann- og innbrottssikringa i kyrkjene. Rapporten viser at det er alvorlege feil i elektriske anlegg på 81,4 pst. av alle kyrkjene. 32 pst. av kyrkjene har ikkje installert automatisk brannvarslingsanlegg og 46 pst. har ikkje automatisk innbrottsalarm.

Med bakgrunn i brannen i Hønefoss kyrkje i januar 2010 understreka miljøvernministeren og fornyings-, administrasjons- og kyrkjeministeren i eit fellesbrev 10. februar 2010 til kommunane og dei kyrkjelege fellesråda kor viktig det er å sikre kyrkjene mot brann, sjå vedlagde kopi av brevet.

Departementet vil igjen minne om dette og viser til at det datamaterialet som ligg føre i samband med kyrkjekontrollen 2009/2010, gir kommunane og kyrkjeeigarene eineståande detaljkunnskap om tilstanden og sikringsbehova ved kvar einskild kyrkje. I samandraget i rapporten heiter det mellom anna:
”Resultatet er et unikt datamateriale som er direkte anvendelig, både for det enkelte fellesråd og for KA og andre sentrale, kirkelige instanser. Materialet gir grunnlag både for å vurdere kirkenes tekniske og sikkerhetsmessige tilstand og utvikling, og for å prioritere tiltak- og satsningsområder.”

Kommunane og dei kyrkjelege fellesråda/sokneråda kan hente ut data og rapportar for kyrkjene i sitt område ved å gå inn i kyrkjebyggdatabasen, sjå www.ka.no/arbeidsliv/kirkebygg/kirkebyggdatabasen.
Vi minner om at tiltak for å styrke brann- og innbrottstryggleiken i kyrkjene vil kunne få tilskott frå rentekompensasjonsordninga, sjå retningslinjene pkt. 4.1.

Med helsing

Ingrid Vad Nilsen e.f.
ekspedisjonssjef
Ellen Ur
seniorrådgjevar

 


Vedlegg

Kopi:
Kommunal- og regionaldepartementet
Miljøverndepartementet
Riksantikvaren
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Kyrkjerådet
KS Kommunenes arbeidsgiver-, interesse- og medlemsorganisasjon

Kontaktinformasjon

Kirkeavdelingen

Telefon: 22 24 79 01

Adresse:

Besøksadresse:
Akersgt. 59

Tema

Kontaktinformasjon

Kirkeavdelingen

Telefon: 22 24 79 01

Adresse:

Besøksadresse:
Akersgt. 59