616,5 millionar til samfunnsnyttige og humanitære formål
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 12.06.2009
I statsråd fredag vart det fastsett ei forskrift om fordeling av dei 18 prosent av speleoverskotet i Norsk Tipping som frå 2009 skal gå til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
I statsråd fredag vart det fastsett ei forskrift om fordeling av dei 18 prosent av speleoverskotet i Norsk Tipping som frå 2009 skal gå til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
Stortinget vedtok ny tippenøkkel i 2003 i samband med gjennomføringa av automatreforma. Stortinget avgjorde også korleis speleoverskotet skal bli fordelt mellom dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane.
Forskrifta fastset at berre samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som hadde automatinntekter i 2001 og lovleg oppstilte automatar i 2002, skal ha rett til ein del av speleoverskotet. Dei ti største humanitære organisasjonane vil få ein fast prosentdel av midlane, rekna ut frå organisasjonane sin del av automatinntektene i 2001. Andre samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som hadde automatinntekter i 2001, må kvart år søkje om midlar frå potten og vere godkjende som lotteriverdige organisasjonar.
Idrettslag og andre organisasjonar tilknytte Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité vil ikkje kunne søkje om midlar sjølv om dei hadde automatinntekter i 2001. Desse organisasjonane får kompensert for tapte automatinntekter ved at tilskotet frå tippenøkkelen til idrettsformål er auka.
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal administrere tilskotsordninga og vil om kort tid kunngjere fristen for å søkje om midlar.
Lenkje til forskrifta