Kulturminister Anniken Huitfeldt delte torsdag ut Gandhistipendet 2009 til førsteamanuensis og FoU-rådgjevar ved Lovisenberg diakonale høgskole, Ingrid Hanssen for prosjektet ”God demensomsorg i et multikulturelt samfunn”.

- Prosjektet bidrar til kunnskap om dei spesielle behova hos demente ut frå deira trus- eller livssynsbakgrunn. Dette vil skape ein betre dialog mellom pasientar, pleiarar og pårørande, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Prosjektet inngår i eit større arbeid om demensomsorg. Ingrid Hanssen skal undersøkje kva pårørande og pleiarar meiner er god omsorg for pasientar med demens og korleis ein kan leggje til rette for pleie av demente med minoritetsbakgrunn i norske sjukeheimar.  

Gandhistipendet for 2009 er på 100 000 kroner. Kulturdepartementet har oppretta stipendet for å auke kunnskapen om religionar og livssyn og styrkje dialogen i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg.