- Vi treng ein ny og heilskapleg arkitekturpolitikk som tek omsyn til store samfunnsutfordringar, ikkje minst klimaendringane og den sterke byveksten, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.  

Regjeringa la torsdag fram eit overordna, heilskapleg arkitekturpolitisk dokument. 

Kulturministeren la vekt på at arkitektur har ein særs viktig funksjon i det å skape attraktive, funksjonelle og velfungerande byggverk, gode offentlege rom og ei berekraftig utvikling. Arkitektur står sentralt innanfor bustadpolitikk, by- og tettstadpolitikk, miljøpolitikk og transportpolitikk. For å møte nye utfordringar er det nødvendig å uvikle ein sektorovergripande statleg arkitekturpolitikk.  Statsråd Giske varslar at Kultur- og kyrkjedepartementet vil setje av pengar til fleire tiltak på feltet allereie på neste års budsjett. 

Visjonen for den nye arkitekturpolitikken frå regjeringa er å utvikle arkitektur som sikrar miljø- og energivennlege løysingar og som kan bidra til god arkitektur i byar og tettstader. Staten har ei spesiell oppgåve i å vareta kulturmiljø og bygningsarv og skal vere eit føredøme for andre aktørar. Staten skal også leggje til rette for at norsk arkitektur er synleg internasjonalt. Kunnskap, kompetanse og formidling skal gi arkitekturen eit lyft.

Det arkitekturpolitiske dokumentet som no ligg føre, er eit resultat av bidrag frå 13 departement med sine underliggjande fagmiljø. Kultur- og kyrkjedepartementet har leidd og koordinert arbeidet.

Du kan lese det arkitekturpolitiske dokumentet her