Historisk arkiv

Presisering av grasrotordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Ordninga med grasrotandel i spela til Norsk Tipping vart innført frå 1. mars 2009. I 2009 gav ordninga 211 millionar kroner til lokale lag og organisasjonar. På bakgrunn av erfaringane til no er det vedteke ei presisering av forskrifta for å redusere faren for misbruk av ordninga.

Presiseringa i forskrifta er gjord på grunn av mistanke om at enkelte storspelarar har oppretta nye frivillige organisasjonar der det eigentlege hovudformålet er at dei sjølve skal nyte godt av grasrotoverføringa.

Norsk Tipping vil med det første innføre maksimalgrenser for kor mykje ein spelar kan spele for på Norsk Tipping sine spel. Desse grensene inneber at kvar spelar berre kan fordele maksimalt 50.000 kroner som grasrotmidler i løpet av eitt år. Dette vil redusere faren for misbruk av grasrotordninga.

Presiseringa av forskrifta som vart vedteken i dag, inneber at organisasjonar kan nektast å delta i grasrotordninga dersom det er grunn til å tru at dei er oppretta med hovudformål å motta grasrotmidlar.

forskriftsvedtak