Regjeringa føreslår ein samla auke på 86 millionar kroner til scenekunst.

Dette inkluderer opera, dans og Riksteatret. Den totale løyvinga til scenekunst i budsjettforslaget for 2012 er dermed på over 1,7 milliardar kroner.

Desse institusjonane får ein auke i budsjettet for 2012:

  • Riksteatret styrkast med 1 million kroner til samarbeid med Oslo Nye Teater om fornying og vidareføring av norsk figurteater. Vilkåret er motsvarande bidrag frå Oslo kommune. 
  • Tilskotet til Det Norske Teatret aukar med 7 millionar kroner, mellom anna til vidareføring av prosjektet Det Multi Norske.  
  • Tilskotet til Den Norske Opera & Ballett aukar med 20,4 millionar kroner. Auken inkluderer midlar langsiktig vedlikehald av teaterteknikk og brukarutstyr og til tilsetting av fem nye dansarar. Begge tiltaka vert fasa inn over to år.  
  • Tilskotet til Agder Teater aukar med 10,1 millionar kroner. Auken dekkjer auka driftsutgifter og skal styrkje den kunstnarlege aktiviteten i samband med innflytting i Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet.   
  • Tilskotet til Teatret Vårt aukar med 3,7 millionar kroner. 2,6 millionar kroner skal gå til auka husleige og til teknisk bemanning i samband med innflytting i nytt hus. 500 000 kroner går til barne- og figurteatret i Ålesund.
  • Tilskotet til Haugesund Teater aukar med 1,1 millionar kroner. Mellom anna skal den kunstnarlege verksemda styrkjast i samband med at Haugesund Teater og Rogaland Teater har inngått ei to-årig avtale om samarbeid og kompetanseoverføring. 
  • Tilskotet til Hordaland Teater aukar med 1 million kroner, mellom anna for å styrkje den kunstnarlege aktiviteten. 
  • Tilskotet til Akershus Teater aukar med 800 000 kroner, mellom anna for å styrkje den kunstnarlege verksemda. Vilkåret for auken er at samarbeidsprosjekt med Oslo Nye Teater vert gjennomført. 
  • Tilskotet til Brageteatret aukar med 1,2 millionar kroner til styrking av den kunstnarlege verksemda. 
  • Region- og distriktsoperaene får ein samla auke på 5,6 millionar kroner:
    - Tilskotet til Opera Sør aukar med 2,1 millionar kroner til auka driftsutgifter og for å styrkje den kunstnarlege aktiviteten i samband med innflytting i Kilden Teater- og konserthus for Sørlandet.  
    - Tilskotet til Opera Nordfjord aukar med 300 000 kroner.  
    - Tilskotet til Opera Østfold aukar med 400 000 kroner.
    - Tilskotet til Oscarsborgoperaen aukar med 400 000 kroner.
    - Tilskotet til Ringsakeroperaen aukar med 400 000 kroner.
    - Tilskotet til Steinvikholm Musikkteater aukar med 500 000 kroner. 
  • Tilskot til scenekunstformål, inkludert dans under Norsk kulturfond, aukar med til saman 7,1 millionar kroner.  
  • Det er dessutan sett av 3 millionar kroner til oppstart av ein skodespelar- og dansarallianse i løpet av 2012.