Historisk arkiv

Kulturministeren inviterer til innspelskonferanse om visuell kunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Anniken Huitfeldt har invitert kulturinstitusjonar på Vestlandet til innspelskonferanse om visuell kunst onsdag 26. januar kl 11 i Bergen Kunsthall.

Kulturminister Anniken Huitfeldt har invitert kulturinstitusjonar på Vestlandet til innspelskonferanse om visuell kunst onsdag 26. januar kl 11 i Bergen Kunsthall.

Pressa er invitert til å vere til stades.

Kulturdepartementet arbeider med ei stortingsmelding om visuell kunst som skal leggjast fram hausten 2011. Dette er den første heilskaplege gjennomgangen av feltet i form av ei eiga melding til Stortinget. Siktemålet med meldinga er å belyse aktuelle problemstillingar og å drøfte korleis ein sikrar eit godt tilbod over heile landet og god ressursutnytting.