Historisk arkiv

Kunngjering av oppdrag om litteraturutgreiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet kunngjorde fredag 8. juni eit oppdrag om utgreiing av litteraturpolitiske verkemiddel. Oppdraget er kunngjort i databasen Doffin.

Kulturdepartementet kunngjorde fredag 8. juni eit oppdrag om utgreiing av litteraturpolitiske verkemiddel. Oppdraget er kunngjort i databasen Doffin.

Det skal gjennomførast ei uavhengig, fagleg utgreiing om i kva grad dagens litteraturpolitiske verkemiddel er eigna for å fremje kvalitet, breidde og variasjon i tilbodet av norsk skjønn- og faglitteratur både med omsyn til innhald og sjanger.

Utgreiinga skal mellom anna vurdere korleis ulike fastprisordningar, til dømes gjennom ei eiga boklov eller gjennom konkurranselova, vil kunne påverke prisane og utvalet av litteratur til forbrukarane.

Frist for å kome med tilbod til utgreiingsarbeidet er 30. august 2011.

Kunngjering av oppdraget