Historisk arkiv

Nytt rettskrivingssystem i nynorsk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har i dag godkjent framlegget frå styret i Språkrådet om ny rettskriving for nynorsk.

Kulturdepartementet har i dag godkjent framlegget frå styret i Språkrådet om ny rettskriving for nynorsk

- Vi har hatt ein open prosess der ei nemnd oppnemnd av styret i Språkrådet har utforma framlegg til den nye rettskrivinga. Nemnda har stilt seg open for innspel og ordskifte undervegs i arbeidet og har også gjennomført ei avsluttande skriftleg høyring før styret i Språkrådet samrøystes slutta seg til innstillinga. Heile prosessen har truleg involvert godt over 1000 personar, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Leiar for nemnda har vore Grete Riise og sekretær Aud Søyland. Den nye rettskrivinga inneber ikkje at språkbrukarar flest må endre mykje på innlærte språkvanar. Truleg vil dei aller fleste kunne skrive om lag som før.

- Det viktigaste nye er at systemet med valfrie former blir enklare ved at omfanget av slike former no blir likt for alle. Det skjer ved at ein avskaffar sideformene, dei formene som i dag står i skarpe klammer i ordbøkene, og som ikkje er tillatne i lærebøker til bruk i skulen og i statlege dokument. Tilsvarande systemendring vart gjort i bokmål i 2005, og no kjem altså nynorsken etter, fortel Anniken Huitfeldt.

I det nye systemet går mange sideformer ut av rettskrivinga, men mange blir også oppgraderte til fullverdige valfrie former som kan brukast av alle. Samla sett inneber dette at valfridommen blir noko større for statstilsette og lærebokforfattarar, men noko mindre for alle andre. Det er også gjort andre systemforenklingar og justeringar som vonleg vil gjere det lettare å skrive nynorsk også for dei mange usikre språkbrukarane og dei som har nynorsk som sidemål.