Historisk arkiv

Omlegging av den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vil leggje om den offentlige konsertverksemda ved Rikskonsertane i si noverande form. Dette gjeld berre 300 av dei totalt 10 000 konsertane i Rikskonsertane.

Regjeringa vil leggje om den offentlige konsertverksemda ved Rikskonsertane i si noverande form. Dette gjeld berre 300 av dei totalt 10 000 konsertane i Rikskonsertane.

Målet er å leggje betre til rette for at musikarar kan turnere i heile landet, styrkje lokale arrangørar i tillegg til å konsentrere verksemda til mindre stader og andre arenaer, til dømes arbeidsplassar. Det er også eit mål å nå ut med offentlege konserttilbod til ungdom i større grad enn i dag.

Regjeringa ønskjer ei breiare geografisk spreiing av konsertverksemda, mellom anna ved å leggje til rette for støtte til fleire mindre konserttilbod, også på stader som ikkje har eit sterkt arrangørnettverk i dag.

Midlane til den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane skal omdisponerast til styrking av musikar- og arrangørstøtta under Norsk kulturråd og til meir desentraliserte konsertformer i Rikskonsertane: Musikarordninga skal utvidast til å femne om alle musikksjangrar og bidra til turnear i fleire delar av landet. Styrking av arrangørordninga vil bidra til å styrkje fleire gode konsertarrangørar lokalt. Delar av midlane blir igjen i Rikskonsertane til kombinasjonskonsertar med utgangspunkt i skolekonsertverksemda. Dette inneber at  musikarane som allereie turnerer rundt i landet gjennom skolekonsertordninga, også held konserter på kvelden og på andre arenaer, til dømes arbeidsplassar. Stortingsmeldinga om kultur og inkludering vil gjere nærmare greie for omlegginga.