Regjeringa har som mål at kultursektoren skal bli oppfatta som open og relevant, og at alle skal ha like høve til deltaking, uavhenging av økonomisk, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne. Difor la regjeringa i 2011 fram stortingsmeldinga  Kultur, inkludering og deltaking.

Som oppfølging av meldinga er det i samband med revidert nasjonalbudsjett foreslått å  fordele midlar til desse tiltaka:

  • 1,6 millionar kroner til Rikskonsertane og 3,8 millionar kroner til Nasjonalbiblioteket til etablering av Den kulturelle nistepakka, ei ordning for kulturformidling i arbeidslivet. 
  • 1 million kroner til etablering av ei aspirantordning i kunstinstitusjonar, administrert av Norsk kulturråd. 
  • 0,5 million kroner til eit forsøks- og utviklingsprosjekt med publikumsutvikling i utvalde institusjoner og i samarbeid med Norsk kulturråd og Norsk publikumsutvikling.   
  • 2 millionar kroner til elevbesøk i utvalde institusjonar i samarbeid med Norsk Teater- og Orkesterforening og Norsk kulturråd.  
  • 0,5 million kroner til Rådet for folkemusikk og folkedans for å utvikle større kulturelt mangfald innan dans.  
  • 1 million kroner til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek til produksjon av fleire aviser i lydformat.  
  • 0,5 million kroner til styrking av teiknspråkteater i regi av Teater Manu. 
  • 1 million kroner til ei ordning for utvikling av amatørteater som inkluderingsarena i regi av Norsk teaterråd.