Historisk arkiv

Utgreiinga om medieeigarskap

Ekspertutval foreslår endringar i reguleringa av medieeigarskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Ei ekspertgruppe foreslår endringar i medieeigarskapslova for å tilpasse regelverket til ein mediekvardag i stadig endring. Utgreiinga vil danne grunnlag for arbeidet med eit lovforslag frå Kulturdepartementet.

Ei ekspertgruppe foreslår endringar i medieeigarskapslova for å tilpasse regelverket til ein mediekvardag i stadig endring. Utgreiinga vil danne grunnlag for arbeidet med eit lovforslag frå Kulturdepartementet.

- Regjeringa meiner det er riktig å ha ei lov om medieeigarskap for å sikre mangfaldet i norske media. Eg er òg einig med ekspertgruppa når dei føreslår å behalde grensa for nasjonalt eigarskap, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Hovudpunkta i forslaga frå ekspertgruppa:

  • Medieeigarskapslova blir endra slik at elektroniske medium vert integrerte og rekna med i tradisjonelle marknader.
  • Nytt system for marknadsavgrensing: Marknadene blir ikkje førehandsdefinerte i lova som i dag.
  • Delvis vidareføring av gjeldande eigarskapsgrenser på nasjonalt nivå. Det blir etablert ein nedre terskel for inngrep.
  • Regulering på regionalt nivå vil etter framlegget halda fram, men blir endra i tråd med nytt system for marknadsavgrensing. Dei regionale eigarskapsgrensene blir fastsette i forskrift, og ikkje i lova som i dag.
  • Vertikal integrasjon blir ikkje foreslått regulert i medieeigarskapslova.

Medlemmer i ekspertgruppa har vore advokat Mona Søyland, Simonsen Advokatfirma (leiar), professor Øystein Foros, NHH og professor Tanja Storsul, UiO.

Utgreiinga frå ekspertgruppa