Historisk arkiv

Regjeringa set i gang arbeidet med boklov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kulturdepartementet

– Formålet med ei boklov er å skapa rammevilkår som sikrar høg kvalitet og eit rikt mangfald i norsk litteratur. Lova skal leggja til rette for litterær nyskaping, eit breitt tilbod og god tilgang til litteratur over heile landet. Boklova skal med andre ord bidra til at vi oppnår alle dei litteraturpolitiske måla våre, seier kulturminister Hadia Tajik.

- Formålet med ei boklov er å skapa rammevilkår som sikrar høg kvalitet og eit rikt mangfald i norsk litteratur. Lova skal leggja til rette for litterær nyskaping, eit breitt tilbod og god tilgang til litteratur over heile landet. Boklova skal med andre ord bidra til at vi oppnår alle dei litteraturpolitiske måla våre, seier kulturminister Hadia Tajik.

Boklov er ein måte å videreføra gjeldande kulturpolitikk på. Sentrale moment i ei boklov vil vera:
- å sikra ein norsk litteratur med høg kvalitet og mangfald
- å sikra nyskaping og eit breitt spekter av litteratur
- å sikra god tilgang til litteraturen og eit breitt sortiment
- å redusera marknadsmakt gjennom rabatt- og avanseregulering mellom forlag og bokhandlarar

Fastprisperiode på nye bøker vil vera eit sentralt verkemiddel i boklova.

Det må gjerast ei eiga vurdering av fag- og lærebøker for høgare utdanning. Fastprisordninga for desse bokgruppene er forlengd ut 2014, men det er ikkje avgjort om fagbøkene blir omfatta av boklova.

Eit notat med framlegg til boklov blir sendt ut på brei høyring slik at alle får høve til å koma med synspunkt. Siktemålet er å fremja ein lovproposisjon for Stortinget før sommaren 2013.