Birkeland har vore kultursjef i NRK og festivalsjef i Risør kammermusikkfest. Ho var kulturminister i regjeringa Jagland frå oktober 1996 til oktober 1997. Ho kjem no frå ei stilling som seniorrådgjevar i Telenor Broadcast Holding.

- Turid Birkeland er den beste vi kunne fått til denne jobben. Vi har søkt etter ein tydeleg og kreativ leiar, og Turid har desse eigenskapane. I tillegg har ho brei erfaring frå kunst- og kulturlivet, seier statsråd Anniken Huitfeldt.  

- Vi i styret er svært glade for at vi har funne ein ny sterk leiar til jobben som direktør for Rikskonsertane, seier styreleiar Leif Holst Jensen. - Turid Birkeland er kompetent, har relevant erfaring og er flink til å kommunisere og motivere. Rikskonsertane skal vidareutvikle seg i samspel med ei rekkje organisasjonar og aktørar, og det er viktig å vere open for alle innspel, og samstundes ha ei tydeleg retning. Dette trur vi at Turid Birkeland vil klare godt i lag med dei tilsette.

- Eg gler meg til å vere med på å utvikle Rikskonsertane vidare som ein moderne institusjon, og få til eit godt samspel med den kompetansen som finst rundt om i landet, seier Turid Birkeland.

Regjeringa er i gang med ein prosess for å leggje om den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane, og institusjonen er i ein periode med omstilling. I tillegg til konsertformidling til born og unge (den kulturelle skulesekken), er utvikling av nye formidlingsformer sentralt i arbeidet for den nye direktøren, mellom anna arbeidsplasskonsertar gjennom den kulturelle nistepakka.

Det var 13 søkjarar som ønskte stillinga som direktør i Rikskonsertane.

Birkeland er tilsett for ein åremålsperiode på seks år og tiltrer 16. april.