Historisk arkiv

1,2 millionar kroner til leselystprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har tildelt 1,2 millionar kroner til 14 leselystprosjekt.

Kulturdepartementet har tildelt 1,2 millionar kroner til 14 leselystprosjekt.

- Å opne ei bok er som å opne døra til ei ny verd. Lesing er underhaldning, det er ei kjelde til personleg utvikling – og det gjev oss høve til å delta i den offentlege debatten. Det er ei demokratisk handling, uansett alder og lesedugleik. Difor er lesing viktig, seier kulturminister Hadia Tajik.

27. juni i år vart det utlyst 1,2 millionar kroner til leselystprosjekt. Det kom inn nesten 40 søknader med ein total søknadssum på 5,7 millionar kroner.

- Dette vitnar om stor interesse og engasjement rundt leselyststrategien. Dei prosjekta som no får støtte kan vere gode eksempel og inspirere andre aktørar, seier kulturminister Hadia Tajik.

Prosjekta er valde ut av di dei vil styrkje litteraturformidlinga til barn og unge, bidra til at barn og unge får tilgang på litteratur, auke leseengasjementet i heile samfunnet og synleggjere og samordne leselysttiltak.

Desse prosjekta får tilskot:

Norsk forfattersentrum: 275 000

Stovner bydel: 150 000

Avis i skolen: 150 000

Landssamanslutninga av nynorsk-kommunar: 120 000

Musea i Grimstad by: 100 000

Bokbyen Fjærland: 80 000

Bokbyen Tvedestrand: 80 000

Norske kveners riksforbund: 75 000

Ubok (nettstad): 70 000

Åmli folkeakademi: 30 000

Forfattersentrum: 30 000

Ivar Aasentunet: 20 000

Tinn kommune: 10 000

Bygdekvinnelaget Storelvdal: 10 000