Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Auka mediestøtte og ny støtteordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

- For demokratiet vårt er det avgjerande at nyhendemedia kan oppretthalde si rolle som produsentar og formidlarar av kvalitetsjournalistikk og vere arena for samfunnsdebatt. Regjeringa ønskjer difor å vidareføre sitt bidrag til mediemangfaldet, seier kulturminister Hadia Tajik.

I Noreg finst det 228 aviser på over 200 utgjevarstader. 139 av disse avisene mottek pressestøtte. Dette viser at mediestøtta er eit effektivt og målretta verkemiddel for å fremje mediemangfaldet.

For 2014 foreslår regjeringa ein auke i mediestøtta på nær 24 millionar kroner til 332 millionar kroner. Regjeringa tar sikte på å gjere mediestøtteordninga plattformnøytral frå 1. januar 2014. Med dette blir ei barriere mot digital publisering og innovasjon som ligg i dagens ordning fjerna. Støtteordninga er lagt om etter tilråding frå Mediestøtteutvalet.

Plattformnøytral vert òg den nye støtteordinga for kvalitetsjournalistikk som regjeringa foreslår å opprette. Føremålet er å sikre kritisk journalistikk og nyhende- og aktualitetsstoff av høg kvalitet i ei tid der tradisjonelle forretningsmodellar er under press. Også dette forslaget er i tråd med tilrådingane frå Mediestøtteutvalet. Alternative modellar til ei slik ordning blir no sende på høyring. For 2014 foreslår regjeringa ei løyving på 6 millionar kroner.