- Christian Frederik var sentral i prosessen for å danne ein sjølvstendig norsk stat. Han spela ei viktig rolle i hendingar og prosessar som førte fram til Eidsvollsforsamlinga og Grunnlova, seier kulturminister Hadia Tajik. – Ved tidlegare grunnlovsjubileum har fleire tatt til orde for at det bør reisast eit monument over Christian Frederik. Med regjeringa si gåve til Stortinget i samband med feiringa av grunnlovsjubileet vert dette kravet endeleg oppfylt, seier kulturminister Tajik.     

Kostnadsramma er stipulert til 5 millionar kroner. KORO, Kunst i offentlege rom, skal ha gjennomføringsansvaret for prosjektet.

Kunstutvalet for prosjektet vart oppnemnt i desember 2012. Utvalet består av fem representantar, der Stortinget og Kulturdepartementet har oppnemnt ein representant kvar. Dei tre andre er oppnemnde på kunstfagleg/kunstnarleg grunnlag.

Kunstutvalet  består av:

Olga Schmedling, kunsthistorikar, leiar for utvalet
Kari Brandtzæg, kunsthistorikar
Per Hess, biletkunstnar
Per-Kristian Foss, Stortingets annan visepresident og leiar av Stortingets kunstutval, er oppnemnd av Stortinget
Lars Roar Langslet, tidlegare kultur- og vitskapsminister, oppnemnd av Kulturdepartementet

Kong Christian Frederik

Christian Frederik (1786-1848) var norsk konge i dei hektiske sommarmånadene i 1814. Han spela ei sentral rolle i hendingar og prosessar som førte fram til Eidsvollsforsamlinga og Grunnlova i 1814. Riksforsamlinga valde Christian Frederik til norsk regent 17. mai 1814.

Eit av Christian Frederiks viktigaste bidrag i den norske sjølvstendekampen skriv seg til fredsforhandlingane med Sverige i august 1814. Christian Frederik insisterte på at makta han hadde fått av folket, berre kunne førast tilbake til folket – og at ho ikkje kunne overførast til ein framand konge, slik Carl Johan kravde. Dermed måtte Stortinget samankallast. Ein konge som forstod makta si på denne måten, var noko grunnleggjande nytt i norsk og europeisk historie.

Christian Frederik tok den danske trona som Christian 8. i 1839.