Historisk arkiv

Høyring av framlegg til endringar i stadnamnlova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Departementet føreslår å endre stadnamnlova slik at eigaren av eit gardsbruk får rett til å bestemme skrivemåten av bruksnamnet, også når det er identisk med eit nedervd gardsnamn.

Departementet føreslår å endre stadnamnlova slik at eigaren av eit gardsbruk får rett til å bestemme skrivemåten av bruksnamnet, også når det er identisk med eit nedervd gardsnamn.

Høyringssaka

I tillegg har departementet gått igjennom fleire føresegner i lova. Framlegget er å gjere fleire språklege og innhaldsmessige endringar som skal gjere lova lettare å forstå og å tydeleggjere kva det er ved stadnamna som har krav på vern. Framlegga til endring er så omfattande at det er aktuelt å føreslå ny lov.

- Framlegget til endringar gjev grunneigarar ein råderett over skrivemåten av gardsbruket sitt som dei ikkje har hatt før.  Mange grunneigarar er opptekne av tradisjon og kjenner sterk identitet til éin spesiell skrivemåte av namnet på gardsbruket dei bur på. Stadnamna  er samtidig ein felles språk- og kulturarv det er viktig at det offentlege fastset skrivemåten av. Det er viktig med ein god balanse mellom grunneigarinteressene og samfunnsinteressene, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Framlegga til lovendring fylgjer opp Innst. S. nr. 124 (2008–2009) frå familie- og kulturkomitéen om eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker (H) og Olemic Thommessen (H).