Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 10.04.2014

Nr.: 31/14

Nasjonalbiblioteket lyser ut tilskotsordning for nettbaserte leksikon

I statsbudsjettet for 2014 har regjeringa løyvd 5 millionar kroner til ei tilskotsordning for nettbaserte leksikon. Kulturdepartementet har fastsett retningsliner for ordninga. Nasjonalbiblioteket skal forvalte ordninga og midlane er no utlyste.

Sjå utlysinga på nettsida til Nasjonalbiblioteket

- Regjeringa vil bidra til at publikum får gratis tilgang til fleire kunnskapskjelder av høg kvalitet på nettet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje tilbodet av gratis leksikon som grunnlag for kunnskapsutviklinga og meiningsdanninga i samfunnet. Støtteordninga skal bidra til formidling av norskspråkleg, oppdatert og kvalitetssikra kunnskap på digitale IKT-plattformer.

Tilskotsordninga vil leggje til rette for fleire formidlingskanalar for fagfolk og bidra til å oppretthalde norsk som eit levande fagspråk. Det er også viktig å leggje til rette for at publikum kan lese faglitteratur på norsk på Internett og at fagfolk kan skrive og formidle stoff på norsk.

Ein premiss for ordninga er at nettleksikon som skal kunne få tilskot må ha signerte artiklar. Signert innhald er viktig for kvalitetssikring og kjeldekritikk.