Historisk arkiv

Kulturlandskap: Korleis styre attgroinga?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Resultat frå pilotprosjekt Beitelandskap i Hordaland har gitt gode erfaringar om korleis ein kan avgrense attgroinga av kulturlandskapet.

Kulturlandskap: Korleis styre attgroinga?

Kulturlandskap: Sau på beite. Foto: LMDKulturlandskap: Resultat frå pilotprosjekt Beitelandskap i Hordaland har gitt gode erfaringar om korleis ein kan avgrense attgroinga av kulturlandskapet. Prosjekt er leia av Fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland har i samarbeid med Forsøksringen Hordaland utarbeidd ei handbok i samarbeid om skjøtsel av beite.

Betre beitebruk
Handboka vert sendt ut til alle gardbrukarane i Hordaland i slutten av april som vedlegg til Vestlandsk landbruk. Målsettinga med handboka er å motivere til eit betre beitebruk, for å halde kulturlandskapet ope og for å betre økonomien på gardsbruket. Vidare syne boka døme på driftsmessige løysingar for skjøtte landskapet.

Praktiske råd
Handboka er delt i to: Fyrste del tek føre seg gode døme på korleis gardbrukarar har samarbeidd om restaurering og skjøtsel og korleis dei har organisert det formelt. Økonomiske verkemiddel som støttar opp om samarbeidstiltak om beitebruk, blir også presentert. I andre del kjem fylkesmannen med tips om gjerdehald og gir konkrete restaurerings- og skjøtselsråd knytt til ulike kulturmarkstypar.

Kulturlandskap: Pilotprosjekt Beitelandskap har gitt gode erfaringar om korleis ein kan avgrense attgroinga av kulturlandskapet.


25.04.06