Historisk arkiv

Mat: eSporing er i gang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mat: eSporingsprosjektet skal utvikle system for å fjerne utrygg mat fra marknaden. Det er ein dugnad mellom næringsaktørar og styresmakter. I dag blir det halde oppstartseminar med 160 deltakarar.

Mat: eSporingsprosjektet skal utvikle system for å fjerne utrygg mat fra marknaden. Det er ein dugnad mellom næringsaktørar og styresmakter. I dag blir det halde  oppstartseminar med 160 deltakarar.

F.v: Geir Kuvås, prosjektdirektør eSporing. Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen. Astrid Karlsen, prosjektleiar Grunndata eSporing. Axel Krogvik, ordstyrar på dagens seminar. Foto: LMD
F.v: Geir Kuvås, prosjektdirektør eSporing. Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen. Astrid Karlsen, prosjektleiar Grunndata eSporing. Axel Krogvik, ordstyrar på dagens seminar. Foto: LMD 

- Dette prosjektet er ein sentral del av regjeringa sin matpolitikk, poengterer landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen. - eSporingsprosjektet har klart å sameine representantar frå heile matverdikjeda. Dette er ganske unikt både i norsk og europeisk samanheng. Prosjektet skal bygge ein infrastruktur som alle kan gjere seg bruk av for å spore attende til utrygg mat, seier Riis-Johansen.

- Dette er eit viktig prosjekt som vil gje global gjenlyd, sa ordstyrar Axel Krogvik då han åpna seminaret.

Ferdig innan 2010
Dagens seminar samlar representantar for primærprodusentar frå jord og sjø,  næringsmiddelindustrien, transportleddet, matvarekjedene,  standardiseringsorganisasjonar, forsknings- og utviklingsmiljø og frå IKT-bransjen.

eSporingsprosjektet skal etter planen vere ferdig innan 2010. Regjeringa har løyvd 15 millionar kroner til prosjektet i 2008.

Mat: eSporingsprosjektet skal utvikle system for å fjerne utrygg mat fra marknaden.